BILLEDALBUM: ( Velg album fra menyen til høgre. )

Vær forsiktig ute på vegen i vinter, folkens!
 
Ja, sånn såg bilen vår ut etter at den hadde vært ein liten flytur og på tryne i elva.Heldigvis gjekk det bra med alle som satt inni bilen. Det var 6 gutar bak i bilen og to voksne framme då vi for ut av vegen i ein slakk sving og landa i ei elv, på veg ned til Isane. Det var ein skummel og kald opplevelse.  Vi skulle då til Eidsbygda og Nordbygda på skytestemne.Alle vart sende til sjukehuset på Nordfjordeid, men ingen var særleg skadd, bare kalde og rysta!
 
 
Det var ikkje mykje som viste at nokon hadde fart ut her, hadde her vært autovern hadde vi holdt oss på vegen.
 
 
Ikkje mykje håp om å få den til å gå igjen....
 
 
 
Ser stykt ut! Og bare så det er sagt: dekka var heilt nye og farten var lav. Som han sa Joacim: vi tussla bort over vegen, og plutseleg var det heilt kaos nedi elva!!
 
 
Gutta har avlagt godkjente tisseprøvar, så no kan pysjamas-festen starte! Det vart nokså mykje styr med desse gutta, dei sit liksom ikkje heilt i ro, då! Brukte opp ein pakke med "svenske-tøfflar" og ein pakke med gummihanskar! Bare på tull og tøys.....ekkje rart helse vest må spare millionar!
 
 
Joacim er glad han er heil og i god form, men det hadde vært betre på standplass...
 
 
 Andreas og Mats ser litt prega ut, i motsetning til nokon andre på bildet. Dei reiste heim i dette moteriktige antrekket, og! Alle dei andre klærene var jo søkk våte, faren til Joacim var på "nær-butikken" å kjøpte sokkar til alle! Tusen takk.
 
 
 Tor Erling er lappa og stelt, og fekk endeleg være med i gjengen etter å ha lagt på akuttmotaket i fleire timar.
 
 
Og her har Janne rota seg ut av dyna og. Ser fornøgd ut, men det var nok før beskjeden om "tvangs-overnattinga" var komt...Alle dei andre fekk reise heim lørdagen, men ho måtte være over til søndag. Det var ikkje særleg moro. Men, bare så det er nemt:det var ikkje noko alvorleg!
 
 
Vi var oppe i elva i sommer og ispiserte, vi syns ikkje det er rart om nokon kjøyrer ut her,det ser ut som om det går ein veg rett ut i elva, jo! Lurar på kor mange fleir som må kjøyre uti der før noko blir gjort. Vi var visst nr. 12 på ca 10 år!
 
 
Det var eit stykke fra vegen og ned til elva, ca 4 meter. Det small godt då vi landa!
 
 
Det ligg framleis vrakdelar i elva. Guttane gjekk nedover elva og fann capsen til Joacim....godt slitt....Denne opplevelsen vil vi ikkje ha fleire gongar! Så VÆR FORSIKTIG OG HA GODE DEKK, ALLE SAMAN. DENNE GONGEN GJEKK DET BRA, MEN DET ER DEN INGEN GARANTI FOR AT DET GJØR MED ALLE!!

Bilder fra LS 09 på Evje

Bilder fra LS 08 Førde

Slide show fra skytingens dag 2006

Noen bilder fra LS 06 i Målselv

Bilder fra LS 1988.

VS Voss 2008

Florø stevne 08

LANDSDELSKRETSSTEMNET 2008

Vær forsiktig på vinterføre!

08.11.2007

Vårtreffen 2007.

Skytingensdag 2007 i bilder

LS 07 i Bilder

FØRJULSTREFFEN

LS 2006

LAGSKVELDEN 2006

HAUST-CUP II 2006

Solundstemnet 2006

Den store pizza-festen.

Florøfelten 2006

Under Myldredagen ved Florø Barneskole var skyting en av de svært populere aktivitetene. Se bilder h

Fredag 4 novenber var lagets medlemmer samla til årets beste samling den tradisjonsrike lagskvelden

Landskytterstemnet Lesja 2005

Bilder fra Lagsmesterskapet 05