Florø-felten 2006

Rolf Holsen vant i svært jamt oppgjør i Florøfelten.

På en nydeleg i dag med mykje snø og sterk lys i solskinet, møtte 54 ivrige skyttarar for å prøve seg på eit relativt vanskeleg opplegg som kreative arrangørar hadde fått til inne på det trange skytebane området i Florø.

På grovfelten vant Rolf Holsen frå Holsen med knappast muleg margin 27/20 mot Per Roar Lillemo fra Fjærland som hadde 27/19. Terje Alværvik frå Gaular hadde og 27 treff, men med bare 12 innertreff vart han nummer tre. Han vart vel litt lurt på det siste holdet, som var en fjerdedel på ca 350 m. Sett frå standplass virka det som om den var plassert på skivevollen på 300 meteren og dermed fekk han fem treff og ingen innertreff der.

Som vanleg var det hard kamp i juniorklassen, men det var Reidun Kristin Knapstad frå Eikefjord som trekte det lengste strået, med 29/17 mot Elisabeth Skudalsnes frå Gaular sine 29/15. Florø sin egen Daniel AS Førde skaut flotte samlingar, men var nokon knepp skeiv på alle figurane. På den siste figuren som var ein mini åttandedel vart det rapportert fra grava om flott samling, men dessverre sto to av skota utanfor figuren. Den som eigentleg skaut best i junior klassen var nok Susanne Lillestøl Paulsen, men ho skaut seks skot i feil figur og tapte dermed sigeren.

Florø Skytterlag har ei stor ungdomsgruppe, og heile 17 skyttarar herfrå deltok. Fleire av dei yngste har ikkje skote feltstemne før og dei var godt nøgd med resultata sine. I klasse rekrutt hadde Florø 8 deltakarar, men ingen av dei kunne hamle opp med Lars Haugnes sine 29/24. Nærast var Lars Kristian Hellesen med 24/9. Sussanne Tonheim, Eikefjord, vart nr.3.

  I klassen aspirant med støtte markerte Anna Chatarina Mølster seg med 28/15, og Mats Haugnes som skaut utan støtte fekk 24/11.

Blant veteranane var det sterk Holsen dominans, Anders Holsen vann  klasse V65 med dagens beste resultat 30/25 og i V73 vann Ståle Loftheim som fekk 28/9 .  

 
 
Flere bilder fra Florøfelten finn du i Billedalbum
Endeleg er sesongen komt i gang!  
  Skal du satse enda hardare i år? 
Steinhardt! Tar sikte mot nytt LS!
Joda, men eg skal ta det litt kuli innnimellom...
Nei, eg skal bare ha det moro, eg!



Kalender GAS

Kalender Grovastøylen skyte og aktivitetssenter

S og F Finalen 14

GROVASTØYLEN INFO

Standplass.no Ranking DFS skyttere

LOKALANDELEN

GRASROTANDELEN

Skyteværet i Florø

OSLO OPEN 2009

Finale Sparebanken Sogn & Fjordane cupen

FLORØ STEVNE 2009

Undomsstevne 09

Dagbok fra LS 09 PÅ EVJE

Florø sine prestasjoner på Landsdelskretsstevne 09

--SKYTINGENS DAG 2008

FORELDREVETT-REGLER

Grovastøylen. Nye bilder 11.06-09

--TRENINGSTEVNE RESULTATER LIGGER UNDER UNDOM OG SENIOR/VETERAN

--Lagsmesterskapet 2008

--Florø-felten 2006

Resultat fra meiningsmålingane. Oppdatert 03.09-08

Norges-cup runde 2, 2008

LANDSDELSKRETSSTEMNET 2008

SPAREBANKEN SOGN OG FJORDANE CUP 2008

sunnfjord-pokalen 2008

LAGSMESTERKAP SENIOR VETERAN 2007