KLASSANE I SKYTING
Ofte får vi spørsmål om klassane i skyting, mange syns det verkar veldig forvirrande og lurar på dette.Her er i grove trekk ein oversikt.Det er sånn at i skytesporten blir du ført i klasse etter ferdighetar i seniorklassane, alt etter kor god eller "dårleg" du er. I seniorklassane skyt ein på 200 meter.
 
 Nytt fra 2007 er kl. 1 som er ein nybegynnarklasse med bare liggande skyting, som for rekruttar uten omgang.
 
kl. 2 er for dei som har vært med så lenge at utfordringen kne er innført. DFS programmet er då: 5 ligg (1,5 min) 5 kne (2 min) 5 ligg (1,5min) deretter ein serie med 6 kne og 4 ligg på 3 min. Klasse 2 skyt ikkje omgang.
 
kl.3-4-5, skyteprogrammet i desse klassane er det same, her skytast det 5 ligg (1,5 min) 5 stå (3 min) 5 kne (2 min) deretter er ein tiskuddserie som følgande 3 stå, 3 kne,4 ligg alt på 3 min. Etter prøveskudd er det omgang 10 skudd liggande på 75 sekund. Kvart år blir dei tre beste resultata på opne stemner lagt til grunn for klassesettinga, det vil sei at dersom ein skyt godt eit år kan ein gå opp ein klasse og har du ein dårleg sesong kan du gå ned ein klasse. Førsteårs-seniorar blir plassert i klasse etter ferdighetar det siste året som junior, altså det året dei fyller 18 år. Dei kan ikkje gå høgare enn i klasse 4 dette året. Men det er ikkje dermed sagt at dei ikkje kan hevde seg i toppen!
For klassesettingskrav kan du gå på DFS sine heimesider å lese der.
 
I REKRUTTERINGSKLASSANE er det som følgande:
aspirant: nybegynnerklasse, opptil det året utøvaren fyller 16 år. Liggande 5 skudd(2 min)*3 deretter 10 liggande på 3 min. Denne klassen skyt ikkje omgang.
rekrutt: fra det året ein fyller 11 år og til det året ein fyller 14 år.Program som over, men no skyt ein omgang 10 skudd ligg på 2 min.
eldre rekrutt: fra det året ein fyller 14 til det året ein fyller 16. Programmet er det same som for rekrutt.
junior: fra det året ein fyller 16 til det året ein fyller 18. Programmet er utvida til å gjelde kne og. DFS vert slik: 5 ligg (2min) 5 kne (2min) 5 ligg (2min) 10-skudden blir 6 kne og 4 ligg på 3 min. så er det omgang som over. 
 Det er altså alder, ikkje ferdighet som er tellande her, men ein skyttar kan gå frivilleg opp ein klasse dersom han/ho syns det er meir utfordrande. Skytinga i desse klassane foregår på 100 metersbane.
 
VETERANKLASSANE
Når ein har vært skyttar i "ørten" år, og den ståande stillingen er blitt heilt umuleg, kan ein velge å gå i klasse 2 dersom det er muleg etter klassekrava, men dersom ein har passert 55 år kan ein velge å bli ført i klasse V55. Denne klassen skyt same programmet som klasse 2 men ein skyt omgang som for dei andre seniorklassane.
V65 og V73: desse skyttarane skyt same programmet som rekruttane, på 100 meter. Men V73 skyt omgangen på 3 min.
 
Det er ingen egen klasse for damer og jenter, her  konkurerar alle likt. Men, på store stemner som Landsdelskretsstemne og Landskytterstemne er det egen finaleskyting for seniordamer. Og egen premiering.
 
Inne forgår all skyting hos oss på 15 metersbane. Vi kallar det for minatyrskyting, og bana for miniatyrbane.
Inne skyt Aspirantane, rekruttane,eldre rekruttane og juniorane som ute, men ingen skyt omgang. Seniorane skyt følgande: 5 kne (på 2 min) 5 stå (3 min) 5 kne ( 2 min) så 5 skudd stå ( 3 min) 5 kne ( 2 min) med to komandoar,men uten anvising før til slutt.
  
På miniatyr bana skyt alle, både senior og rekrutt med 0.22 kaliber. Ute skyt vi med 6.5 kaliber, rekruttane skyt då med mindre krutt og lettare kuler enn seniorane. I følge DFS skal aspirantane bare skyte med .22 kal. Dei har heller ikkje lov å bruke spesielle skyteklær.

Info oppgaver LS17 finfelt

Sakliste styremøte 11. mars

ÅRSPLAN 2013

Årsmøte 2012

FUNKSJONÆRLISTE SUNNFJORDPOKALEN OG NYTTÅRSTREFFEN 12

Funsjonærliste Finale Sparebanken Sogn & Fjordane cup

FUNSJONÆRLISTE SAMLAGSTEVNE BANE 2011

FUNKSJOÆRLISTE FLORØSTEVNE 2011

FUNSJONÆRLISTE FLORØ FELTEN 2011

FUNKSJONÆRLISTE NYTTÅRSTREFFEN 2011

Funsjonerliste Sparebanken Sogn og Fjordane cupen finale

Funksjonærliste Florøstevne 2010

FUNSJONÆRLISTE SAMLAGSTEMNE MINIATYR 2010

Personalliste for stemner 2010

SAKSPAPIRER TIL ÅRSMØTE 2009

Funksjonærliste Sunnfjordpokalen 29. 30. oktober 2009

LS 2010

Dugleiksmerke 2009 Senior veteran

SAKSPAPIRER ÅRSMØTE 2009

personell til skytingens dag

FINALE I SP.BANKEN S&FJ. CUPEN

FUNKSJONÆRLISTE FLORØ STEVNE 09

Funsjonærliste Sunnfjordpokalen og Nyttårstreffen

Sakspapirer Årsmøte 08

Klassesetting 2009

lagskveld/pizza kveld

SAKSPAPIRER ÅM 07

INTERNE STEMNER

Kven kan bli medlem?

Kva kostar det å være medlem?

KLASSANE I SKYTING