Skytebana til Florø Skytterlag har sidan 1862 lagt i vestenden av Litlevatnet.Den gongen var den plassert langt ute på landet! Den var også mykje lengre enn det den er i dag, standplassen til 600 metersbana låg midt i idrettshallen!! Det var Jens Helmers senior som åtte grunnen der bana låg, han gav området til skytterlaget til bruk for all framtid vederlagsfritt. Det er nemd i møteboka fra 1885 eit skytterhus på området, men i dag veit vi ikkje kor det stod.
Skytterhuset som vi nyttar vart bygd på dugnad rundt 1970.
I 1991 la ein ned 300 metersbana, og anla 200 metersbana slik den er i dag. I 1992 rehabiliterte ein 100 metersbana. Det elektroniske anlegget fekk laget i drift etter ein slitsom dugnad, og mykje diskusjon, til Landsdelskretsstemnet i 2001. Det var då det første landsdelskretsstemnet som vart arrangert på elektronikk.Vi gjenomførte eit flott stemne i eit fantastisk vær.
Laget hadde i si tid nokre utruleg gode skyttere, det vart då arrangert stemner mellom Florø Skytterlag og Sunnfjord!Florø pleide å vinne desse oppgjøra!
I 1974 gjorde Egil Melvær det alle skyttere drøymer om, han skaut best på LS og vart skytterkonge i Sandnes!  I 1992 vart sonen Erling norgesmester for rekruttar i felt skyting på Os. På Evje i 1999 vart Tor Ole Rognaldsen nr 3, etter omskyting om prinsetittelen mot Arnt Erik Aune fra Beiaren. I Øverbygd i 2006, vart Lars Haugnes norgesmester i bane skyting, han var den einaste som klarde å prikke inn 350 poeng i rekruttklassen, med 100 på finaleomgangen.I 2007 gjentok Tor Erling Ulriksen bragden til Erling og vart Norgesmester i feltskyting i Steinkjær. Han klarte til og med å skyte 12/12 i finalen. Laget har hatt fleire gode prestasjoner på landskytterstemne, og fleire har tatt medalje oppgjennom åra.
Miniatyrbana har vært i "kjellaren" sidan 60-talet. Då arbeidet tok til der nede var lokalet oversvømd med vatn, vi har høyrd historiar om at dei ausa(!) vatnet ut. I 2002 vart lokalet renovert og malt, og dei elektroniske skivene montert. Vi har i dag eit flott, om enn litt trangt innandørs anlegg. Ved stemner får vi bruke SFO-basen over til kafe og oppholdsrom. Vi har då vising på storskjerm der.Det er idag mykje meir interesant for "dei som er med" å være tilstades på stemner i og med at dei kan følge med skyting på storskjerm.

OM OSS:
Etter kvart som vi får lagt inn opplysninger her vil du finn ein meny til høgre på denne sida som splittar opp innholdet i "om oss". Det skal komma informasjon om styresammensetningen, kven som er med i dei forskjellige utvalga, litt om lagests historie, om skytebanen/skytterhuset, og statutter/vedtekter.

Hovedstyret 2018

Kart som viser våre baner

350 klubben

Dei gode prestasjonane.

Hornmusikken.

Fana vår

Storvilt gruppa