FANA VÅR
I eit møtereferat frå 1885 og 1887 står det om fana: "Bestyrelsen bemyndiges til for skytterlagets Rekning at anskaffe en fane hviss Kostende ikke må overstige kr. 15.-".
"Aar 1887 den 12te April Godkjendes den af Frøken Evensen utarbeide Tegning til en fane for Skytterlaget.
Som ein ser var ikkje prisen den heilt store, men truleg nok til å dekke det nødvendige av materiale. Syinga vart truleg utført på dugnad slik det var vanleg i dei fleste lag og organisasjonar på den tida.
Fana var i bruk på stemner og til 17. mai like til midt på 1980 talet. Den var då i så dårleg forfatning at ein ikkje turte å ta den ut meir. Den er bøtt fleire plassar, falma og fillete. Den egnar seg eigentleg best for innramming! Men den er eit klenodium som må tas vare på for ettertida.
Då fana ikkje kunne brukast meir, vart det laga ein slags kopi på papp. Denne vart bruk til og med 17. mai 2003.
Sommaren 2003 hadde vi grillfest på standplass, der vart fana diskutert og det vart bestemt der og då at inntekta fra loddsalet skulle brukast til innkjøp av nytt materiale. Fana var håndbrodert på dunlerret og vi valgte å holde på det. Vi endra litt på farge valet, men ellers holdt vi oss mest muleg til originalen. Arbeidet starta umiddelbart og 17. mai 2004 var det ein svært fornøyd bøling som samla seg under den nye, fine fana vi hadde fått!
Det var Janne Haugnes som kopierte mønsteret over til det nye lerretet, applikerte geværa, broderte bokstavane og monterte, Solveig Haugnes broderte sjølve bladkransen. Medan John Ulriksen tilpassa, lakka og monterte det nye opphenget. Han laga også til bæreanordningar slik at det vart lettare å bære fana.
Fana er lagd på dugnad i same ånd som den gamle, men materialane kosta nok noko meir!
"Jaja", sa ho Solveig. "Det var eit fælandes arbeid, men vare denne også i 100 år så var det vel verd jobben!"

Hovedstyret 2018

Kart som viser våre baner

350 klubben

Dei gode prestasjonane.

Hornmusikken.

Fana vår

Storvilt gruppa