Skyteskule 2012
Vi startar opp torsdag 25.oktober kl 17.00 i bomberommet på barneskulen. Ned trappa, rød dør mot vest!
Elevane får undervising 6 kveldar, kvar tirsdag og torsdag, klokkeslett for kvar enkelt elev får ein tildelt ved oppstart, den 7. kvelden blir det "konkurranse-skyting" og diplomutdeling med enkel servering. Vi reknar det som sjølvsagt at ein voksen er med kvar kveld, dei kan velge om dei vil være inne i salen der undervisinga foregår eller om dei vil sitte ute i oppholdrommet og se på anvisinga å ta ein kopp kaffi e.l.
Ta med deg hørselvern om du har. Ha på deg ei god jakke som ikkje er glatt, og ei bukse som du ikkje brukar til vanleg. Albuebeskyttarar kan være godt å ha, men det er ingen krav.
Vi gjør oppmerksom på at ein må delta på alle kurskveldane, med untak i tilfelle sjukdom, eller etter avtale.
Informasjon om vidare trening får ein på kurset.
Kursavgifta er i år kr. 1100.- og det blir delt ut giro 1. kveld.
Dersom noko er uklart er det bare å ta kontakt. mob 977 966 88 (er på ferie til den 18.oktober og er då ikkkje tilgjengelig.)

Samlagsstemnet i felt 2012
Torsdag 19. april.
 
Dei som vil være med på samlagsstemnet gjer meld til Janne. Når vi ser kor mange som vil delta kjem det meir informasjon. Ein del av oss skal være med å arrangere og vi må være klar med vår skyting innen dei andre kjem til. Det blir ikkje organisert transport inn i Nordalsfjorden og dei unge som vil delta må ha med seg ein foresatt. Gevær og ammo++ tar vi med oss. Sjå ivitasjonen som du finn link til på startsida!
 
Dei som vil komme å skyte fredag kl 17.00, på SKYTEBANA ved Litlevatn må ha med seg ein voksen som kan hjelpe til og ALLE MÅ ta i eit tak! Det blir skyting KUN på feltfigurar! Anlegget er ikkje oppkobla.
 
Takk til Ronny og Rune, Olai, Sigurd og Tomas som har transportert utstyr opp på bana i dag!
 
 
 ...........................................................................................................

SAMLAGSSTEMNET I FELT
Stemnet gjekk av stabelen i Kråkenesmarka med litt "vanskelig" vind, men ellers fint skytevær.
Mats Haugnes vann klasse eldre rekrutt etter å lagt på skive 2 i finalen. Tor Erling Ulriksen hadde skive 1, men hadde litt for få innertreff til å hevde seg blandt dei tre beste og han enda på 4. plass. Sverre Nilsen måtte ut i omskyting med Lovise Eiken, Hyllestad, og etter det entra han 2. plassen. I klasse Junior vart Lars Haugnes litt overraskande etter å ha lagt på skive 4 i finalen, nr.3, medan Andreas Frøyen enda som nr. 5.
Vi hadde ingen deltakarar i klasse rekrutt, diverre.
Vi gratulerer Mats med seieren, og endeleg ein Raufossdiplom til å henge på veggen!
 
 
Til venstre: Ole Martin Erdal.
Bak: Lars Haugnes, Toralf Årdal, Ståle Loftheim, Sverre Nilsen,
Framme: Karoline Erdal, Kristin Eide, Lovise Eiken, Mats Haugnes, Jan Roger Hoff.
Dei ivrigaste av våre ungdommar har allereie vært på eit par stemner i felt-skyting. Tor Erling er i full fres, han hadde fult hus både i Askvoll/Holmedal, og i Stroka. Andreas Frøyen skaut kjempeflott i Stroka, 28 treff, og slo Lars der. I Hyllestad vart det omvendt, der var det Lars som var best med 30 treff mot Andreas sine 27, det er gode resultat!  Moro med litt kamp! Lars vann forøvrig juniorklassa med 30/23 i Hyllestad. Fra Stroka har det ikkje komt endeleg resultatliste, så plasseringa er ukjent. Tirsdag var det komt resultatliste i Firda, og der gjekk det fram at Andreas vann klasse J i Stroka! Kjempemoro:-) Då vart det seier til dei to Juniorane på kvart sitt stemne! Tor Erling vart nr 2 i Stroka, han tapte for Jørgen Skivenesvåg som hadde fleir innertreff. 
Dersom det er andre som vil delta er det bare å melde seg på, og gje beskjed så skal vi ordne med børser.
 Dei som har 6.5 og har skutt inn kan jo bare hive seg rundt å delta! Dei må ordne med ammo før sesongen startar, og det gjør den rett over Påska! Ta kontakt med John om du vil bestille gjennom laget, eller bestill sjølv. Dersom du har planar om å lade sjølv, er det kanskje på tide å starte no slik at du har litt til dei første stemna.
 
Minner tilslutt om at det er Samlagsstemne i feltskyting den 19. april i Førde.

Årsmøtet har vedtatt nye medlemsavgifter for alle våre medlemmer. Dette vil for alle ungdomsskyttere bety ein liten auke på avgifta til kr. 1500.- for alle. Avgifta dekker kontigent og all kal .22 ammo til terminfesta aktivitet innad i laget. Det vart etter grundig diskusjon og analyse ikkje avkorta avgift sjølv om ein skyt med egen ammo ute.

Laget har rundt 20 ungdommar i aktivitet. Dei trenar to dagar i veka. I tillegg reiser dei på stemner i fellesskap.Ein del av dei er veldig aktive på stemner, og reiser rundt om i fylket, både på vinterstid og sommartid. Sommaren 2008 fekk vi nye flott gensarar sponsa av forskjellige firma. Veldig populære!
 
 
Flott ungdom samla til fotografering i anledning utdeling av nye gensarar!
 
 
 

Treningsstemner inne 2010-2011

TRENINGSSTEMNER 09-10

Samling i Kretsen.

LAGOPPSETT INNE 0809

TRENINGSSTEMNER 2008-09

Skogsløp med skyting 2008.

Diverse fra våren 2008

Norges-cup runde 1 2008

AVINOR-CUP

Samlagssamling for ungdom april 2008

Meråker 2008

torsdag 8.november 2007

Førjulstreffen 2007

07.12.2007

skytetider haust-cup II

TRENINGSSTEMNER INNE 2007-08

LAGOPPSETT vinter 2008

SKYTESKULE 2007

Feltstemner våren 2007

LAGSMESTERSKAP UTE 2007

TRENINGSSTEMNER UTE 2007

Lagsmesterskap ungdomsgruppa

LEIAREN SKRYT!

trippelstemne 13-14 jan

HAUST CUP II

Skytetider haust-cup

RESULTATER HAUST-CUP I