RESULTATER HAUST-CUP I
Første runde i haust-cupen er unnagjort.
Våre 12 håpefulle møtte alle som ein. Dessverre var Arild blitt sjuk, men han reiste inn alikavel, skytinga hans vart nok noko påvirka av haueverk og ondt i halsen. Det var påmeldt 19 rekruttar, så det var 12 som fekk skyte cup. Blandt desse 12 kom Kristoffer, Kristian,Sverre, Lars Kristian og Mats. Sverre og Kristian måtte skyte mot kvarandre og her var det Kristian som var best.  Lars Kr. og Mats skaut mot kvarandre og Mats gjekk vidare til finale. Kristoffer, som leda rekrutt etter innledande med heile 245 poeng, vart slått ut av Marit Varlid fra Hyllestad. Vi hadde altså to i finale i rekrutt, Kristian og Mats.
 Etter finaleomgangen vart resultatlista som følgande :
1. Vidar Skarsbø Dale, Leikanger
2. Marit Varlid, Hyllestad
3. Aleksander Virkesdal, Nyborg
4. Mats Haugnes, Florø
5. Trine Kløtveit Molland, Nyborg
6. Kristian Moan, Florø
Dei tre beste fekk krus og konvolutt, medan dei andre fekk konvolutt.
 
I eldre rektuttklassen var det bare Lars som deltok i fra Florø. Han leda etter innledande med 249. Han fekk æra av å skyte mot Henriette Eikeseth fra Førde i Cupen og her var han best. Det var tilsaman tre som skaut finale i denne klassen, og det var følgande rekkefølge etter endt skyting:
1. Ole Martin Erdal, Førde
2. Karoline Gram, Førde
3. Lars Haugnes, Florø.
 
I junior klassen var det 7 som møtte, av 8 påmelde, så her var det bare ein som gjekk ut etter innledande skyting. Både Joacim og Hallgeir gjekk vidare. Joacim overraska stort med ei inponerande skyting og slo ut Susanne Paulsen fra Gaular. Hallgeir skaut seg heilt ut i periferien og tapte mot Elisabet Skudalsnes fra Gaular. Etter finalen såg resultatlista slik ut for jiniorane:
1. Elisabet Skudalsnes, Gaular
2. Ann Iren Sæle, Gaular
3. Joacim A. Hovden, Florø.
 
Flott innsats av alle våre deltakarar, og gratulerer til alle som kom på pallen. Og her snakkar vi om pall! Orntleg pall, blir nesten litt misunneleg!
Minner om neste runde som går 9. og 10. desember. Påmeldingsliste blir hengt opp i kjellaren så det er bare å melde seg på, fristen er 30. nov. Når den runden går er Bjarte på jobb, så eg kan ikkje love plass til nokon i minibussen. Men, kanskje nokon foreldre kjøyrer og har plass til ein eller to ekstra.

Treningsstemner inne 2010-2011

TRENINGSSTEMNER 09-10

Samling i Kretsen.

LAGOPPSETT INNE 0809

TRENINGSSTEMNER 2008-09

Skogsløp med skyting 2008.

Diverse fra våren 2008

Norges-cup runde 1 2008

AVINOR-CUP

Samlagssamling for ungdom april 2008

Meråker 2008

torsdag 8.november 2007

Førjulstreffen 2007

07.12.2007

skytetider haust-cup II

TRENINGSSTEMNER INNE 2007-08

LAGOPPSETT vinter 2008

SKYTESKULE 2007

Feltstemner våren 2007

LAGSMESTERSKAP UTE 2007

TRENINGSSTEMNER UTE 2007

Lagsmesterskap ungdomsgruppa

LEIAREN SKRYT!

trippelstemne 13-14 jan

HAUST CUP II

Skytetider haust-cup

RESULTATER HAUST-CUP I