Diverse fra våren 2008
27.April. Gratulerer med veloverstått konfirmasjon, Hellesen.
Lørdag 26. april var det Floramesterskapet i felt, og det møtte fire fra ungdomsgruppa. To av dei reiste heim uten å skyte, fordi det regna!!! Mats vann rekrutt med 29 treff. Jonas stilte sporty opp og skaut sitt første feltstemne, som også var hans andre gang med 6.5 skyting!! Han oppnådde imponerande 25 treff!! Dette blir ein god mann, så bare skjerp dokke alle!
20. april var det samlagatemne i feltskyting i Dale. Det var tre deltakarar fra ungdomsgruppa. Det var noko lite i finværet, syns eg, men det skuldast kanskje at eg ikkje la så mykje arbeid i å få med fleir. Har det litt treavelt for tida. Syr bunad til Lars... Men, alle dei tre som var med, tok seg til finalen. Diverre fekk Mats ein bom der, og enda på 4 plass i klasse rekrutt. Sverre måtte ut i omskyting, og den vann han så han fekk tredjeplassen og ungdomsmedalje. Lars vann klasse eldre rekrutt, og fekk sin 14 Raufossmedalje!
Gratulerer.
19. april var det samling for samlaget sine ungdommar. Det møtte 14 stk. på bana vår, og Torleif Skudalsnes ordna skytinga fint, han satte opp lag og leia heile bølingen gjenom to rundar med 10 skuddar, før matpausa. Så skaut dei ein runde til etter maten. Vi hadde hyra inn to instruktørar, Erling Melvær og Børge Svardal, som gav rettleiing og gode råd til dei som ville ha det. Håpar alle hadde godt utbytte av samlinga, og vi ønsker velkommen til ny samling etter 17. mai ein gong. Vi skal sjølvsagt sende ut invitasjon!
 
15.april. Takk for ei flott helg i Sogn, alle som var med. Det var ein fin start på sesongen, syns eg. Alle gjorde ein god insats og det vart fleir gode resultat. I skrivande stund er vi litt usikre på medalje statistikken fordi arrangørane har brukt ein utgått modell for rangeringa. Men, slik det ser ut for oss vart det 1 gullmedalje og 8 sølvmedaljar. Slett ikkje værst! Det er faktisk rundt 30 % av medaljane i dei to klassane vi hadde deltakarar! På felten vart vi positvt overraska over kor mange av dokke som klarte å skyte fult hus!!! Synd med vinden, det vart litt få inner, men uansett ein flott prestasjon. Dette lovar bra fram mot samlagsstemnet som går av stabelen neste helg i Dale. Den 26. er det Floramesterskap i felt i Eikefjord, håpar ein del av dokke har tid til det sjølv om det er konfirmasjon dagen etter.
 
 
7. april. Det er ei stund sia eg oppdaterte her no! Feltstemnet vi arrangerte vart både kaldt og surt. Det var bare våre egne som stilte i ER og Lars vann her, Andreas vart nr. 2, Sverre nr. 3,Lars K. tulla seg heilt vekk, skaut i feil skive og styra på! Han enda i 0/0, og ingen veit kor han treff neste gong han fyrar av eit skot! Mats vann klasse R med 28 treff.
Den 6. april var ein gjeng i Holsen og skaut siste runden i karusellen. Lars og Sverre kjempa om ledelsen og det enda med ein innertreffs-seier til Lars! Andreas hadde den beste skytinga med 22/1....fleire seriar med 6/0 er ganske stilig! Mats tapte seieren med ein skeiv 1. serie og enda på 29/17, bak Karoline som hadde 30/15. Jaja, sånn er det. Vi gratulerer alle med bra innsats.
 
17.mars. FELTSESONGEN ER STARTA!!Det var ein utålmodig gjeng som møtte opp på skytebana fredag ettermiddag. Etter at alle hadde fått hjelp av Lars (og Bjarte på telefonen) til omlegging,var det klart for årets første skot med 6.5. Det var innskyting til feltstemnet i Viksdalen som stod på programmet, men i og med at det tok litt tid med omlegginga, var det ikkje så mange skot det vart tid til.
Sønadag reiste 10 av laget sine medlemmer til Viksdalen for å skyte feltstemne, dessverre hadde Gaular tatt avgjørelse om å avlyse sitt stemne før eg rakk å melde oss på der, det var no litt dumt. Men, det var grusomt kaldt og temmeleg mykje vind, i allefall på grovfelten! Det sto liksom ikkje heilt i stil med det  flotte vårværet vi hadde på fredag og lørdag!!! Ungdommane gjorde det for såvidt bra, Sverre slo til med 30/25 og vant over Lars med 2 inner. Dei to andre ER rota det litt til, Andreas skaut litt i skiva til Sverre og Eirik spredde skota litt for mykje... Mats enda på 28 treff og det var litt for lite til å matche Karoline Erdal som tok første plassen, med 30/21. Tomas persa på feltskyting med 17/4, som var veldig bra! Resultata kjem nok på mail når det går nokken dagar, og du vil då finne lista på resultat-menyen til venstre. Eg veit ikkje heilt kva seniorane enda i ,men eg såg at eg var sist med 8/2!!! Å skyte kne i stiv snøstorm er nesten heilt umulig, blinken sveiva fobi med uvamne mellomrom, og då er det bare å trekke av. Men, vi som skaut ved sida av kvarandre var no ikkje heilt sikker på om vi hadde eigen eller ein annan sin figur i siktet då det small!!! Jaja. Vi får håpe og tru at vi får det betre med tanke på været, når vi skal ha felt-stemne den 29. mars!
 GOD PÅSKE!!
 
9.mars. Siste runde i Sunnfjord pokalen vart avvikla i Dale fredag. Lars hadde allerede vunne klasse Eldre Rekrutt og i og med at han har vært sjuk heile uka, følte han ikkje for å reise. Det spenninga dreide seg om var kven av Eirik og Sverre som ville ta 3. plassen, bak Lars og Jørgen Skivenesvåg fra Hyllestad. Sverre skaut først av dei to, og poengsummen var då lik, 1366 på begge og Eirik trengte 339 for å vinne. Det vart spennande for Sverre som sat der å beit negler og jubla for kvar 9ar Eirik fekk. Stillinga vart uavgjort, då Eirik enda på 338! Heldigvis hadde Dalingane ein ekstra premie i bakhånd, så begge fekk med seg heim ein flott krystallvase. Må sei at Dale hadde funne fram flott premiar! Nydelige vasar med tekst. Verkeleg verd å kjempe om! I klasse rekrutt måtte Mats skyte til 341 for å gå forbi Tor Erling, som vi veit ikkje har deltatt på lenge. Vi får håpe han får retta på skuldra si snart. Mats kom rett fra leirskule, og har ikkje trent heile veka. Men det vart ein enkel match og han fekk vase med seg heim han og. Tor Erling fekk vase for 2. plassen og 3. plassen gjekk til Hyllestad.
Lagsmesterskapet gjekk unna lørdag og du finn alle resultata derfra på startsida. Vi bare gratulerar alle vinnarar og alle som deltok!
 
25. februar. Nok ei helg med god skyting er over.
 Det vart ikkje Samlagsmeister på oss i år, Tor Erling er ute av gamet for tida, og Mats hadde ikkje heilt flaksen på si side i Eikefjord, men det vart ein flott 3. plass med 247 poeng i allefall. I klasse eldre rekrutt var det han Eirik som skaut best av våre i Eikefjord med 248. På det åpne stemnet vart han nr.3, men, på samlagstemnet vart han nr.2. Han får dermed Ungdomsmedaljen saman med Lars som også hadde 248. Lars var nok noko misfornøgd med si skyting, men han var ikkje heilt bra i magen....(det var det visst fleire enn han som oppdaga...) På plassen bak Lars var Sverre plassert medan Lars Kr. og Andreas Ivar enda eit stykke lengre ned på lista, men ikkje sist Andreas Ivar!
I Florø vart det seier til Mats med fine 248 poeng. Johanne vart nr.6 med 232 poeng og feber. Her vart det ny PERS TIL EIRIK MED 250 POENG OG HEILE 16 INNER!!!! GRATULERER!!! Han enda på 2. plass, bak ein kar fra Herdla som også persa, han hadde 21 inner! Lars hadde her 249 med 16 inner  (og 9,9 på siste skuddet). Det var svært høge poengsummar på dette stemnet og sjølv med 246 poeng så vart Lars Kr. "bare" nr 7,  Sverre nr.9 med 245 og Andreas Ivar vart nr.10 med 242.
Så skal vi ikkje gløyme våre aspirantar som deltok både i Florø og i Eikefjorden. God skyting på alle! Særleg vil eg nemne Jonas som skaut 233 og 236 med jakke, reim og nyleasa våpen! Her har vi mange flinke framtidsskyttarar!!! 
På Sunnfjord-pokalen som vart avvikla på fredag, vart det rundeseier til Mats med heile 349 poeng, som er pers på denne skytinga. lars hadde "som vanleg" 350, medan ein del av dei ander eldre rekruttane fekk ein liten nedtur (som dei tok kraftig inn igjen i løpet av helga!!) einaste var han Andreas Frøyen som hadde 345, som er bare eit poeng bak pers.
KJEMPEFIN SKYTING AV ALLE SOM EIN, GUTAR!! GRATULERER TIL ALLE!
 
 

Treningsstemner inne 2010-2011

TRENINGSSTEMNER 09-10

Samling i Kretsen.

LAGOPPSETT INNE 0809

TRENINGSSTEMNER 2008-09

Skogsløp med skyting 2008.

Diverse fra våren 2008

Norges-cup runde 1 2008

AVINOR-CUP

Samlagssamling for ungdom april 2008

Meråker 2008

torsdag 8.november 2007

Førjulstreffen 2007

07.12.2007

skytetider haust-cup II

TRENINGSSTEMNER INNE 2007-08

LAGOPPSETT vinter 2008

SKYTESKULE 2007

Feltstemner våren 2007

LAGSMESTERSKAP UTE 2007

TRENINGSSTEMNER UTE 2007

Lagsmesterskap ungdomsgruppa

LEIAREN SKRYT!

trippelstemne 13-14 jan

HAUST CUP II

Skytetider haust-cup

RESULTATER HAUST-CUP I