Fylkes-stemnet 2006
Så var miniatyr-stemnesesongen over for i år, rett nok gjenstår det nokre lags-oppgjør, og eit par turar til inn til Førde til pokal-skyting.
For nokre har det været ein stor sesong med seier i alt, omtrent, men for dei fleste har det vært ein middels sesong med opp og ned turar.
Søndag var ein delegasjon i Leikanger for å prøve seg i kampen om fylkes mester-tittelen. Det var 169 skyttarar som hadde møtt opp der inne, det er ny rekord på eit fylkes-stemne.
Det gjekk dårleg på senior sida. Bjarte "the man" mista heilt fokus då han var ferdig med 15 skudden og visste at han var eit poeng bak ledaren. "men, du kunne no blitt nr.2 ?" men sånn er det, det er mange ting som skal stemme og det er heilt klart at det er ugunstig å kjøyre bil i timesvis før skyting, men som han seier "eg var nok ikkje i form, jobba heile lørdagen i ein fueltank og hadde haueverk når eg våkna". Sluttsummen hans vart 237, det holdt til 24 plass. Odda kom fra Oslo i bil, han hadde kjøyrt heile dagen og sa fra med ein gong " dette går nok ikkje særleg bra", han enda på 242 p og han vart nr. 8."Bygde tulling" Melvær har eg ikkje sett, men resultatet hans var 238 p. det reknar eg med at han syns var kanon!! "Hottentott" Janne hadde dei vanlege nykkane, med puls på minst 300, og den sit i magen! Då ristar og hoppar heile kroppen så det er eit under at eg treff blinken. På første stå skaut eg etter prinsippet "no ser eg svarten,trekk av!" det vart 42 p der. Etterpå klarte eg å holde stimen bra og enda på 232 og vart nr. 36 totalt. Bjarne komenterte ikkje skytinga si, men enda på 221 p. hørtes ut som han syns det var greit.
Juniorane hadde i utgangspunktet ei vanskeleg oppgave, men ikkje umuleg, guttar!! Jostein Koldingsnes vann, med 247 p. Daniel begynte med ein kneserie heilt på bærtur! Etterkvart fekk han styring på pulsen sin han også, og skaut veldig bra etterpå, enda i 244p. og det holdt til 9 plass. Etter han kom litt overraskande han Joacim med 243p. det er eit flott resultat, når vi veit kor han slit med knærene sine, det er bare å stå på,Joacim! Eirik skaut vel greit nok med 240 p., men skeivt, resultatet blir fort deretter, og med det nivået det er i juniorklassen så må ein i allefall være bein. Hallgeir enda også på 240 p. og det var vel kanskje ikkje akkurat det vi hadde forestilt oss. Men du må holde fokus!!!
Veteranane var også inne med ein delegasjon. Med Audun som sjåfør!! Han kom på 3 plass i V73 med 243 poeng, det er jo bare imponerande, mannen er jo 87 år! Gunnar var litt bak med 237 p. Jan Hatteberg skyt i kl. V65 og hadde 243 p. det holdt til ein 5. plass i klassen.
Trur du at eg har gløymt rekruttklassen? Det har eg ikkje! Den kjem her. Vi må bare bøye oss i støvet og gratulere!!! Då vi kom leda John Magne Eggeum fra nyborg med 231(!!!!!)poeng. Det er jo ikkje særleg mykje å skryte av... Lars flirte litt og sa "ha, då skal eg skyte 232!" Først i ilden skulle han Lars Kristian Hellesen, ny av året i laget, har aldri skutt eit einaste stemne, vi vart meir og meir imponert etterkvart som vi fekk anvist på storskjermen. Han enda på 239 p. Og i ledelse!! For ei stund i allefall. Fam. Haugnes skaut i siste laget, trudde vi, etter første fem skuddserien ser han Lars opp på meg å seier " fy flate, mamma, sjå den serien! Bare innertiarer!" og det hadde han jaggu på den neste serien og! På den tredje banna han litt, to ytter... etter tiskudden seier han "no missa eg enten to.. eller åtte!" anvisinga starta og det kom opp den eine tiaren føre og hin etter, heilt til det nest siste skuddet som var ein 9.8 og ein 10 til slutt. Vi jubla! 249! Seieren var i allefall sikra. Og for eit resulat! Dobbelt Florø!!!! Då vi kom ut var det fleire skyttarar som var klare til å gå inn, det viste seg at det var satt opp ekstra lag. Her var det ein rekrutt også! Og han skaut jaggu godt! Han enda på 246 og tok sølvmedaljen ut av handa til han Lars Kristian, nesten. Men vi er kjempefornøyd med innsatsen til Lars-ane og når vi får med oss heim to medaljar så er alt greit! Vi skulle nok hatt med oss endå fleire rekruttar, for her er det muleg å nå høgt opp på listene. Vi kunne nok hatt alle dei fem neste plassane og det hadde vært noko! Husk det til neste gang, gutar og etterkvart jenter, ein har ikkje tapt før slaget har stått!
VI GRATULERER FYLKESMESTER LARS!!
Og Lars Kristian med 3. plassen.



SKYTEDRESS TIL SALS

Referat Årsmøte 2007

Juletilbud

LAGSKVELD og ÅRSMØTE 2009

--Skytetider LS Førde

FELTOPPLEGG LS 08

Skytetider Voss og overnatting.

--REFERAT FRA ÅRSMØTE 2008

LAGSKVELDEN 2007

Dugnad på miniatyrbana høsten 2007

FLORA MESTERSKAP BANE 2007

SAMLAGSSTEMNET BANE 2007 PÅ HOLSEN

FLORØ STEMNET 2007

NORGES-CUP 2008

Ungdomsskulen på skytebana.

Vått i Eikefjord! Feltkarusell 2007

SUNNFJORD-POKALEN 2006 2007 ER AVSLUTTA!

Oppgjøret om DFS pokalen 2006 2007

OSLO OPEN 2007

LAGSKVELDEN 2006

Årsmøte 5.desember 2006

Audun fekk diplom.

SUNNFJORDPOKALEN ETTER 5. RUNDE I FLORØ

Sunnfjordpokalen 5. runde Florø

Resultat fra årets 30 ståande

Sunnfjord pokalen 1. runde Florø

KRETSSAMLING FOR UNGDOM 20 OG 21 OKTOBER

Lagsmesterskap 2007

OSLO OPEN 2007

Resultat Haust cup II 06

TRE miniatyr stemner Sunnfjord Innbydelse

OSLO OPEN 2006

Fylkes-stemnet 2006

Flora-meisterskapet for senior 2006

Treningstemne senior på torsdag er flytta til tirsdag 21 november kl 1945

Vestlandsstemnet 2006

Solundstemnet 2006

Fredag 4 novenber var lagets medlemmer samla til årets beste samling den tradisjonsrike lagskvelden

Årets utgave av 30 skudd ståande

Topp resultat av Odd Arne på POKALEN med DFS program

Spennende oppgjør i Juniorklassen under Lagsmesterskapet

Knallhard kamp om tittelen på Lagsmesterskapet i miniatyr

Under Myldredagen ved Florø Barneskole var skyting den mest populære aktiviteten.

LANDSDELSKRETSSTEMNET 2006

JAN HATTEBERG

SAMLAG-STEMNET I FELT 2006

Her er resten....

11.05.2005

SKYTINGENS DAG 2007