SAMLAG-STEMNET I FELT 2006

Samlag-stemnet i Feltskyting.



 



Sam-lagstemne i feltskyting vart arrangert i Viksdalen den 30. april. Vi pakka i bilen og reiste av gårde. Lars, Mats, Tor Erling, Janne og Bjarne. Vi hadde John som sjåfør, og Tomas som supporter.  Mats og T.E. skaut 24 og 26 treff, og det er heilt flott i asp-klassen. Tomas fekk også skyte og han hadde 2 treff.  Lars var einaste deltakar i rekrutt og hadde 29 treff. Han måtte skyte finale, og syntest det var særdeles spennande (Tenk om eg må ha omskyting!!!!???) Men han slapp det og vann..men det var ikkje noko stor skyting, han var altfor lav og hadde bare 11 treff og 2 inner. Hallgeir Aalvik kom til finale i juniorklassen, men dei er nok litt i tøffaste laget, desse jentene. Reidun Kristin Knappstad hadde skive 1 men ho var for lav og hadde bare to treff på første holdet. Det vart nok seier til Elisabeth Skudalsnes og Gaular (som vanleg), og Marianne Skudalsnes vart nr tre etter omskyting med Ann Iren Sæle. I eldre rekrutt hadde vi ingen deltagarar, og det var Ole Martin Erdal,Førde som vann med kjempegod skyting, fult hus.



Bjarne hadde heile 14 treff, og var veldig imponert. Sjølv hadde eg 22 treff og glapp finale plass, den gjekk på plassen foran meg. Det var litt irriterande, hadde no vore gøy å skote ein finale for ein gongs skuld.  Men Erling "bygdetulling"  kom til finale med 24 treff og enda på tredje plass i klasse 2-5. Det var Alf Holsen som vart meister. I veteran klassane hadde vi også deltagarar. Arild Aldeholm i V55, hadde 21 treff og skaut finale mot Ola Loneland og Arild vann, Audun Skorpa, V73, skaut også bra, men hadde for få treff i finalen og vart slått av Ståle Loftheim, som syntes det var rått parti. "Du kunne jo vore faren min", sa han. Det meinte han Audun var ein kraftig overdrivelse, "Eg måtte no vore tidleg ute då!"parerte han.  "jaja", svara Loftheim, "var du like sprek då som du er no, var vel ikkje det noko problem!" (Vi har rekna ut at det er 15 års forskjell i alder på dei.) Jan Hatteberg var også med, men han følte seg dårleg og fullførte ikkje. Det var eit greit stemne, men det var ein jækli vind! I følge vindvurderings-tabellen som eg fekk på kurs forge veke : store trær bøyer seg og flagg blafrer, minst det! Og i følge instruktøren vi hadde så burde vi bare pakke saman og reise heim, for det er ingen vits å skyte i sånn vind! Men vi er vestlendingar vi! Vi er vant til vind.... men det var vanskeleg, særleg på kne. Vinden tok tak i kroppen og vi stritta imot, når så vinden slapp holdt vi på å tippe overende. Vi lærer i allefall å skru på vinden!Det var ingen som hadde fullt hus, og det var sågar ein som hadde null treff på finalen, "tatt av vinden" kan ein sei.



GRATULERER TIL ALLE MEDALJEVINNARAR.




SKYTEDRESS TIL SALS

Referat Årsmøte 2007

Juletilbud

LAGSKVELD og ÅRSMØTE 2009

--Skytetider LS Førde

FELTOPPLEGG LS 08

Skytetider Voss og overnatting.

--REFERAT FRA ÅRSMØTE 2008

LAGSKVELDEN 2007

Dugnad på miniatyrbana høsten 2007

FLORA MESTERSKAP BANE 2007

SAMLAGSSTEMNET BANE 2007 PÅ HOLSEN

FLORØ STEMNET 2007

NORGES-CUP 2008

Ungdomsskulen på skytebana.

Vått i Eikefjord! Feltkarusell 2007

SUNNFJORD-POKALEN 2006 2007 ER AVSLUTTA!

Oppgjøret om DFS pokalen 2006 2007

OSLO OPEN 2007

LAGSKVELDEN 2006

Årsmøte 5.desember 2006

Audun fekk diplom.

SUNNFJORDPOKALEN ETTER 5. RUNDE I FLORØ

Sunnfjordpokalen 5. runde Florø

Resultat fra årets 30 ståande

Sunnfjord pokalen 1. runde Florø

KRETSSAMLING FOR UNGDOM 20 OG 21 OKTOBER

Lagsmesterskap 2007

OSLO OPEN 2007

Resultat Haust cup II 06

TRE miniatyr stemner Sunnfjord Innbydelse

OSLO OPEN 2006

Fylkes-stemnet 2006

Flora-meisterskapet for senior 2006

Treningstemne senior på torsdag er flytta til tirsdag 21 november kl 1945

Vestlandsstemnet 2006

Solundstemnet 2006

Fredag 4 novenber var lagets medlemmer samla til årets beste samling den tradisjonsrike lagskvelden

Årets utgave av 30 skudd ståande

Topp resultat av Odd Arne på POKALEN med DFS program

Spennende oppgjør i Juniorklassen under Lagsmesterskapet

Knallhard kamp om tittelen på Lagsmesterskapet i miniatyr

Under Myldredagen ved Florø Barneskole var skyting den mest populære aktiviteten.

LANDSDELSKRETSSTEMNET 2006

JAN HATTEBERG

SAMLAG-STEMNET I FELT 2006

Her er resten....

11.05.2005

SKYTINGENS DAG 2007