LAGSKVELD 2007
Lagskvelden 2007, vart arrangert onsdag den 7. nov. Det er lenge sidan det har vært så lite folk på ein lagskveld, knapt 50 møtte opp. Det var faktisk heile 11 fra ungdomsgruppa som var fraværande. Vi undrar om det er fordi vi valgte ein onsdag, og ein del av ungdommane deltar i fleire idrettar? Dei fleste seniorane pleier å glimre med sitt fravær, så det blir ikkje kommentert meir, men det var triveleg med dei som kom.
Dei som var tilstede fekk med seg premieutdeling, servering av mat og kaker, og tilslutt hadde vi loddtrekning av masse flotte premier. Det var eit rikholdig premiebord og vi takkar hjertligst til dei som bidrog med premier. Vi fekk  god hjelp til trekninga av to av våre flinke skyteskuleelevar, Kim Andre og Marius. Tomas tok også i eit tak.  Det kom inn ca kr. 1800.-.  Pengane vil bli brukt til opprusting av inventaret i kjøkkenskapa, slik at vi slepp å dra med oss alle mulege rare redskapar bort i huset kvar gong det skal arrangerast noko der.
 
Janne har vunne eit belte... det bytta Tomas med ei lommelykt som Magnus vann!
 
Tor Erling sitt Norgesmesterskap vart markert, og han fekk eit flott bilete av seg sjølv tatt under premieutdelinga på LS, han fekk gavekort fra laget, og eit fra Norma. Det er ei stor ære å få hedre ein Norgesmester for andre  år på rad, og bare så det er sagt: det er blitt lagt merke til i skytternorge at det lille laget fra Florø har fostra to Norgesmestrar på to år!
 
Tor Erling med bilete og gavekort.
 
 
I same snurren vart det "avduka" bileter av våre NM vinnarar opp gjennom tida. Laget har følgande NM titlar: Egil Melvær Konge i 1974, Leiv Byrkjeland NM bane for V65 i 1991 og NM felt for V65 i 1992, Audun Skorpa NM i stangskyting for V73 i 1992, Erling Melvær NM felt for R i 1992, Lars Haugnes NM bane for R 2006, Tor Erling Ulriksen NM felt for R i 2007. I tillegg er fleire av medlemmane i laget vinnarar av andre titlar under LS oppgjennom åra, som Normapokalen, Aftenpostens sølvfat, Rauma smykket o.s.v. Alle desse skal få sin fortente plass på "the wall of fame"! Så no er det bare å legge seg i hardtrening slik at også DU kan få ditt bilde på veggen!
 
Bilder som skal heng på "the wall of fame".
 
Det er alltid mykje ein skulle ha sagt på eit slikt arrangement, men tida vert ofte litt kort. Vi skulle sjølvsagt ha nemt alle dei andre gode resultata og kva vi har deltatt på i løpet av den siste sesongen, vi skulle ha nemt dei flinke skyteskuleelevane våre, vi skulle ha snakka om stemnedeltaking, vi skulle ha snakka om kor viktig det er å følge opp dei unge håpefulle og mykje meir....SÅ til alle som har fortent det: GRATULERER MED FLOTTE RESULTAT I LØPET AV SOMMERSESONGEN! Og det er mykje: deltakarar, finalistar og vinnarar på Samlagstemnet, Landsdelskretsstemnet, Vestlandstemnet , Landskytterstemnet, Sparebankcupen og ei rekke andre stemner.Gratulerer.
 
Det er godt miljø blandt ungdommane. Ungdomsgruppa kjem til å savne Joacim som blir senior etter nyttår.
 
 
 
Her har Bjarte F. og Odda vunne seg cruise.... 
 
 
Ein stolt Tomas fekk dugleiksmerk, pappa gratulerer.
 
 
Bjarte F har skutt dugleiksmerket i gull 25 gongar. Gratulerer.
 
Alle foto R. Aardals foto v/ Egil Aardal.



SKYTEDRESS TIL SALS

Referat Årsmøte 2007

Juletilbud

LAGSKVELD og ÅRSMØTE 2009

--Skytetider LS Førde

FELTOPPLEGG LS 08

Skytetider Voss og overnatting.

--REFERAT FRA ÅRSMØTE 2008

LAGSKVELDEN 2007

Dugnad på miniatyrbana høsten 2007

FLORA MESTERSKAP BANE 2007

SAMLAGSSTEMNET BANE 2007 PÅ HOLSEN

FLORØ STEMNET 2007

NORGES-CUP 2008

Ungdomsskulen på skytebana.

Vått i Eikefjord! Feltkarusell 2007

SUNNFJORD-POKALEN 2006 2007 ER AVSLUTTA!

Oppgjøret om DFS pokalen 2006 2007

OSLO OPEN 2007

LAGSKVELDEN 2006

Årsmøte 5.desember 2006

Audun fekk diplom.

SUNNFJORDPOKALEN ETTER 5. RUNDE I FLORØ

Sunnfjordpokalen 5. runde Florø

Resultat fra årets 30 ståande

Sunnfjord pokalen 1. runde Florø

KRETSSAMLING FOR UNGDOM 20 OG 21 OKTOBER

Lagsmesterskap 2007

OSLO OPEN 2007

Resultat Haust cup II 06

TRE miniatyr stemner Sunnfjord Innbydelse

OSLO OPEN 2006

Fylkes-stemnet 2006

Flora-meisterskapet for senior 2006

Treningstemne senior på torsdag er flytta til tirsdag 21 november kl 1945

Vestlandsstemnet 2006

Solundstemnet 2006

Fredag 4 novenber var lagets medlemmer samla til årets beste samling den tradisjonsrike lagskvelden

Årets utgave av 30 skudd ståande

Topp resultat av Odd Arne på POKALEN med DFS program

Spennende oppgjør i Juniorklassen under Lagsmesterskapet

Knallhard kamp om tittelen på Lagsmesterskapet i miniatyr

Under Myldredagen ved Florø Barneskole var skyting den mest populære aktiviteten.

LANDSDELSKRETSSTEMNET 2006

JAN HATTEBERG

SAMLAG-STEMNET I FELT 2006

Her er resten....

11.05.2005

SKYTINGENS DAG 2007