Huset som skal settast på ringmurane er heile 550 m2, så det blir eit skikkelig stort hus. Men, så skal det romme fleire lag og organisasjonar, oppholdsrom, kjøkken, garderobeanlegg og det blir nok plass til noko lagerplass også. Vi skal prøve å følge utviklinga etterkvart som arbeidet går framover, og legge ut bilder av området. Vi er opptatt av å beholde skogen mest mulig slik den er for det er fantastisk mykje flotte furutrær på området. Det er også viktig å beholde skogen som støydemping. Huset skal plasserast på ein opphøging i terenget, i ein U-formasjon der det er tenkt at plassen i midten skal vende mot sør-vest, her blir det fint å slappe av før og etter skyting, ein fin sommardag med sol og godt vær! Det er planlagt ein bra parkeringsplass i forbindelse med huset. Standplassbygget skal så plasserast mot sør-øst langs den ein "foten" av huset. Anlegget har fått ein kanonstart, då vi fekk denne brakkeriggen som i øyeblikket står plassert på Vidaregåendeskule, og stor velvilje fra Allbygg, Entreprnørservice og Flora kommune. Og det beste med alt er at VI slepp å jobbe ein einaste dugnadstime, i allefall før det heile er på plass. MED UNTAK av LEIAREN OG NESTLEIAREN som har jobba ein god del dugnad, då med møter og planlegging.





Unge lovande skyttarar og jegarar, markerar starten på anlegget på Grovastøylen. Dei unge fra Eikefjorden håpar at Eikefjord skyttarlag skal endre standpunkt i saka når dei ser kva som skjer på området.
Mats, Tor Erling, Andreas, Lars, Tomas, Håvard, Susanne og Vegard.
Eit par talar hørde heime på denne dagen. Heggheim takkar Allbygg og Entreprenørservice for velvilje. Helland og Haugnes gjorde det same og la til at dei syns kommunen har vist godvilje i saka. Haugnes la til at dette har vært ei stridssak i laget, men at det no har roa seg og alle håpar at dette vil gi skytesporten ei god ramme.
I dette området skal huset stå. Rett fram blir det parkering og ut til venstre vil standplassbygget ligge. Legg merke til alle dei flotte furutrærene! Desse vil ein etter beste emne prøve å bevare!
Her skal det bli mulighet for ein god kopp kaffi og ein vaffel etter endt skyting, etter planen iallefall til laget sitt 150 års jubileum i 2012.
Vegarbeidet er komt godt i gang! Det skal i første omgang byggast 350 meter veg.
|