Dagbok fra LS 09 PÅ EVJE
Ja, LS har no vart eit par dager, og vi har skutt en del av den innleande skytinga. Det har vært litt forskjellige resultat, nokken gode, nokken overaskande og nokken litt skuffande...
 
Den første fra Florø som var i elden var Arild Aldeholm, felt på lørdag  kl. V55. Han var ikkje fornøgd med 17 treff. Søndag skaut Andreas Ivar, Lars og Andreas felt. Det gjekk både opp og ned, men Lars var best av dei med 28/19, eit resultat han var greit fornøgd med. Det som var vekk forsvann på kne, ein stilling han ikkje heilt har kontroll på enda, etter å ha sotte på rompa og skutt det første halvåret som junior. Andreas Ivar enda på 21/12 og Andreas på 24/18. Gode resultat av dei unge gutane.
 
Sverre Nilsen finale i Eldre RekruttPå bana var det Sverre som gjorde det best i kl ER, han er den einaste fra Florø som har fått finale plass av dei fem ER som var påmeldt. Han enda på 250 poeng. Mats hadde den "vanlege" 9.9! Den kom som 9 skuddet på 10 skudden etter 7 inner på rad. Skikkelig irriterande! Tor Erling oppnådde 247,som etter nesten to år uten skytng er eit godt resultat. Skuldra hans er nesten bra, men det manglar nok litt på treninga enda. Jonas Hammerseth skaut tidleg, tidleg på mandagsmorgonen og var nok ikkje heilt våken, han mangla eit skot på 25 skudden sin og då går det fort nedover med poenga! Totalt vart det 233 poeng.
 
Martin Skulbørstad var store delar av skytinga si på storskjermen, og det kan jo være eit mål i seg sjølv! Han låg godt an i kl. 3 etter 15 skudden, men det rakna litt på grunnlaget, og det vart 234 tilslutt.
Søndag var kl 4 ute i felten. Her var det Børge Svardal som var best med 27/16, Janne Haugnes enda på 23/7. Ikkje det heilt store...og ingen finaleplass på dei to.
 
Mandag var Junorane på bana og skaut og her var det Andreas Ivar som imponerte stort med heile 246 poeng! Knallbra av Andreas som ikkje har deltatt på så mange stemner i år, men som har trent jamnt og trutt hele sesongen. Vi gratulerer med flott resultat! Seinare på dagen skaut Lars 245, og Andreas Frøyen 240. Arild skaut bane og enda på 236 poeng.
I morga er det felt for ER, samlagskyting for R/J og bane for kl.4. Ein travel og spennande dag.
Ellers er det mykje folk på campingen, det er litt bråk om kveldane, men ein kan vel ikkje forlange at 3000-4000 mennesker skal være stille når det passar OSS....
Stemneledelsen er veldig påpasseleg med at alle skal holde seg fri for nøff-nøff-influensa. Vi må desinfisere hendene før vi går inn i matteltet, og der heng dispensarar med desinfiseringsmiddel på alle toalett og sånn. Vi har det bra, men no håpar vi på finare vær!!
 
Onsdag 05/08. I dag er det V73 og kl. 5 som skal skyte på bana. Hallgeir opna ballet for våre 5-klassingar med 234 poeng, det var han nok neppe fornøgd med...Bjarne skaut kanongodt i kl V73, og enda på 240! Audun var uheldig og låg att med eit skot, og sluttresultatet vart 233. Seinare i dag skal Bjarte, Tor Ole og  Erling til pers.
ER skal skyte felt. I skrivande stund sit Mats klar i forteltet og ventar på transport til opprop, mens Sverre og Tor Erling er ute i løypa.
Lars var oppe tidleg og skaut stang og stup. Gode resultat. 16 treff, og 16.91. Det var bra!
Det kjem oppdatering om gårsdagen seinare, då klasse 4 var på bana og det var samlagskyting for R/J, saman med rapport fra fellesgrillinga som vi arrangerer i kveld! No må eg kjøre til opprop!
 
 Torsdag 6.08-09.
Vi kan starte med klasse 4 på bana, der skaut Janne 229, Børge 232 og Jan Kåre 231, med andre ord ikkje  heilt fantasiske resultat.... Audun og Bjarne var ute i felten, Bjarne skaut 21 treff og Audun enda på 23. Han fekk oppfylt alle gutters drøm då han fekk skyss på ATV (firhjuling) heile løypa rundt! Han prøvde å avbestille "drosja" som han sa, men då fekk han grei beskjed av John som var med som bærar at: "enten sitte du på med den drosja, ellers kan du bare gå ned på brakka igjen å legge deg!" Han slutta pronte med all protest. Etterpå syns han det egentlig var ganske trivelig, som han sa.
Sverre var skuffa etter felten der han missa tre treff på hold 3, som var eit hjul, Mats missa eit treff på dette holdet, mens Tor Erling missa eit treff på hold 4 som var ein sirkel. Dei enda altså med 27, 29 og 29 treff. Dette holdt ikkje til finale, der det var heile fem lag og alle som deltok der hadde 30 treff. Jonas hammerseth skaut også felt og enda på 26 treff. Bra resultat av ein kar som nesten ikkje ikkje har skutt eit einaste feltstemne i år! Bare Tor Erling fekk minnemedalje med sine 59 poeng.
Onsdager var som sagt over den "store" dagen på LS då kl.5 skyttarane er i elden. Erling enda på 239, Tor Ole syns vel kanskje sjølv han kunne spart seg turen, då han enda i 232! På tide å begynne å trene att, Tor Ole? Bjarte skaut i siste kl5 laget, og starta med 48 på ligg og 46 på stå, ikkje bra og då han følgde opp med 47 på kne var vel alle forhåpningar om noko som helst begravd. Sluttsummen vart 235, som er heilt katastrofalt for ein som normalt ligg på mellom 240 og 245 (på ein god dag litt meir), men sånn er det vel for alle, LS er noko heilt spesielt og sjølv om ein prøver å ta det med ro, sei til seg sjølv at "eg er her fordi det er gøy å skyte", så er det av og til heilt umulig å ha kontroll på kropp og tankar! Pussige greier....jaja!
Tirsdag var dagen for lagskyting for R/J, som sagt. Mats opna balle for sunnfjord med 100 og 7*, Jørgen følgde på med 100 og 9*, Ole Martin skaut 98, og då var vi ute av tetskampen, men alikavel med ein god poengsum. Lars enda også på 98 og laget enda på 17 plass med 396 poeng,  Juniorane var ikkje fornøgd med egen innsats, men ungdomsutvalget i Sunnfjord syns dei gjorde ein god jobb og takkar alle fire med glimrande innsats!!
Onsdag var det lagskyting for veteranar, laget vårt hadde 297 før rangering, og med ein god siste etappe kunne dette gå vegen opp mot ein kjempefin plassering. Ola Kjell var skikkelig skuffa då anvisinga viste at han bare hadde skutt til 94, og dermed ramla laget nedover lista. Sånn enda det. I morgon tidleg skal seniorlaget til pers og det skal bli spennande å sjå kva dei kan prestere.
 
Så til grillinga! heile 65 Sunnfjordingar hadde samla seg på Viksdalen, for å svi nokken kjøttslintrar, pølser og ellers det kvar enkelt ville legge på grillen. Kvelden vart laaang og koseleg, vi kosa oss i finværet, åt grillmat, kaker og kaffi og noko litt sterkare gjekk også ned hos enkelte! Praten gjekk rundt bordet og latterkulene heng laust...Refsnesen holdt tale og takka for oppmøte, innsatsen og den kjekke stemningen som det blir når vi samlast. Erling styra rundt bordet og skulle fotograferast med alle!! Dei minste ungane har noko frie tøylar og får legge seg seint, dvs når dei er blåfråsen og ikkje orkar meir! Klokka to takka dei mest utholdande for seg og tusla tilbake til campingvognene og bobilane for å køye. Det er travelt på LS og ein har ikkje tid til å ligge under dyna så altfor lenge om morgonen! Årdalen f.eks. hadde opprop til finaleskyting  kl 08.00 og var det første som takka for seg, forståeleg nok...
 
Sverre var den einaste av våre ER som oppnådde 250 poeng på den innleiande skytinga og fekk dermed finaleplass. Dessverre starta han med ein 9.9 og dermed var han ute av teten, og klarte heller ikkje denne gangen å skyte seg inn i 350-klubben. Men, det går fleire tog, Sverre!Vi syns Sverre gjorde ein flott innsats og gratulerer med eit godt resultat! Bare så det er sagt: han som hadde 35 inner totalt vart nr. 2 på årets stemne! Han måtte ut i omskyting med ein an som hadde ti inner på sin omgang(innertiane fra innleiande blir ikkje telt med på 35 skudden), og då var det hin som trakk det lengste strået! Det er ein brutal verden, vi lever i....
Kontorpersonalet har i dag hatt ferie, og tok med seg minstemann til dyreparken i Kristiansand. Fleire av dei andre Sunnfjordingane har brukt ein av sine "fridagar" til nettopp ein slik utflykt. Det var veldig moro for både store og små og er absolutt ein tur alle bør unne seg!
Dersom det vert tid i morgon blir det oppdatert her om lagskyting. Så det er bare å følge med....ta også ein kikk på bildene som vi legg ut, der vil du få eit vist inntryk av korleis det tar seg ut når ein er på landets nest største idrettsarrangement!
 
Fredag var det samlagsskyting for seniorar. Elisabeth skudalsnes hadde første etappe og enda på flotte 97 poeng på sine 10 skudd. Ove Sunde fekk dermed tildelt skive 6, men laget dalte fort nedover lista då han fekk anvist "bare" 93. på han. Bjarte "the man" gjekk for ein god poengsum, men etter anvisinga gjekk han slukøra ut fra standplass, med enda ein "mislukka" serie i dette LS-et. 92 viste oppsumeringa. Serien sto oppe til venstre. Magnar Isene hadde no ei grei oppgave fra skive 33, det var bare å skyte ti skudd, det klarte han fint og det var 98, totalt 372 poeng, og Sunnfjord får då skive 24 neste år.
Lørdag var finaledag for seniorane som hadde 28 treff eller meir i felten. Bjarte var best fra laget vårt med 29 treff. Han la på til 39/4 etter finalen og håpa då på at ein del ikkje møtte eller at dei ikkje klarte å fullføre, slik at han kunne nå opp i ei medalje....det skedde ikkje.....trøsta må være at Tor Erik Fossli som i utgangspunktet hadde skive 1 i det beste laget, enda på same summen!Bjarte vart nr. 124. Det går opp og ned, som ein skjønar! Ellers skaut Erling finale på felten også, og han enda på.....treff. Han hadde i utgangspunktet 28 treff, han enda på 233 plass med sine 37/3. Idar Hersvik som i gamle dager skaut her hos oss enda på ein flott 10 plass, så kan vi skryte litt av det då....
 
Alt i alt var dette ikkje det beste stemnet Florø har gjort, men vi kjem sterkt tilbake neste år, då vi forhåpentligvis har alle våre beste ungdommar friske og raske utan skader! Så får vi seniorane ta oss saman!
 

 

Endeleg er sesongen komt i gang!  
  Skal du satse enda hardare i år? 
Steinhardt! Tar sikte mot nytt LS!
Joda, men eg skal ta det litt kuli innnimellom...
Nei, eg skal bare ha det moro, eg!



Kalender GAS

Kalender Grovastøylen skyte og aktivitetssenter

S og F Finalen 14

GROVASTØYLEN INFO

Standplass.no Ranking DFS skyttere

LOKALANDELEN

GRASROTANDELEN

Skyteværet i Florø

OSLO OPEN 2009

Finale Sparebanken Sogn & Fjordane cupen

FLORØ STEVNE 2009

Undomsstevne 09

Dagbok fra LS 09 PÅ EVJE

Florø sine prestasjoner på Landsdelskretsstevne 09

--SKYTINGENS DAG 2008

FORELDREVETT-REGLER

Grovastøylen. Nye bilder 11.06-09

--TRENINGSTEVNE RESULTATER LIGGER UNDER UNDOM OG SENIOR/VETERAN

--Lagsmesterskapet 2008

--Florø-felten 2006

Resultat fra meiningsmålingane. Oppdatert 03.09-08

Norges-cup runde 2, 2008

LANDSDELSKRETSSTEMNET 2008

SPAREBANKEN SOGN OG FJORDANE CUP 2008

sunnfjord-pokalen 2008

LAGSMESTERKAP SENIOR VETERAN 2007