LANDSDELSKRETSSTEMNET 2008
Stemnet vart arrangert av Ålfoten skytterlag, som hadde tatt på seg å ta unna både felt og bane. Det klarte dei fint, det einaste ein kan sette fingen på, var at dei kanskje var litt dårlege på resultatsørvisen. Det tok veldig lang tid før listene kom på plass, dersom dei kom, då....Dette bar premieutdelinga noko preg av. Men alt i alt klarte dei dette fint. Dei hadde god mat, nok mat og fin stemning rundt den delen av arrangementet, med grill og spekemat.
 
For Florø sin del vart det eit bra stemne. Vi fekk fleire medaljar, og mykje heder og ære med heim. I klasse 1 tok Johnny "the dobble"! Heile 248 på bana og 26 treff i felten, kanonbra! Arild vann V55 felt, Erling vart nr 2 på felten, Lars vann bana i ER, og vart nr 2 på felten, Mats vart nr 3 på bana, og nr 5 på felten, han hadde 12 treff i finalen og det var ein god bonus for han! Sverre og Amalie var også kvalifisert for finale på feltan, men Amalie kunne ikkje møte og Sverre hadde eit problem med børsa og fekk bare 2 treff på finalen.
Ellers så gjorde Sunnfjord HEILT REINT BORD på alle lagskytingane! "Vi" vann i seniorklassen, veteranklassen, U23 klassen og ungdomslaget!!! I tillegg vart begge 2. laga til Sunnfjord nr. 2, og !! Florø deltok med mange skyttarar på desse laga: Arild og Ola på veteranlaget, Erling og Bjarte på seniorlaget, Odda på 2. laget, Hallgeir på U23 laget, Lars på 1. ungdomslaget, Sverre og Mats på 2. ungdomslaget!! Vi er i vinden folkens!! Vi får håpe suksessen fortset på Vestlandstemnet som er det neste store stemnet vi skal delta på!
VI GRATULERER ALLE MED FLOTT INNSATS FOR FLORØ OG SUNNFJORD!!!!!
 
 
Klasse Rekrutt. Marit Varlid, Hyllestad nr 2, Robin Rambjørg,Nyborg nr 1, Mats Haugnes, Florø nr.3
 
Fleir bilder finn du i billedalbum. Derson nokon har bilder av heile laga som skaut, ville vi satt stor pris på å få dei tilsendt. Bruk e-post adressa til laget.
 
Dersom du gjekk glipp av nyhets sendinga der det var ein fyldig reportasje fra stemnet, kan du gå inn på Solund si heimeside og høyre innslaget der. Bare følg instruksjonen som Idar har skrevet. Eg har høyrt det tre gangar... Mats var jo med!
 
Endeleg er sesongen komt i gang!  
  Skal du satse enda hardare i år? 
Steinhardt! Tar sikte mot nytt LS!
Joda, men eg skal ta det litt kuli innnimellom...
Nei, eg skal bare ha det moro, eg!



Kalender GAS

Kalender Grovastøylen skyte og aktivitetssenter

S og F Finalen 14

GROVASTØYLEN INFO

Standplass.no Ranking DFS skyttere

LOKALANDELEN

GRASROTANDELEN

Skyteværet i Florø

OSLO OPEN 2009

Finale Sparebanken Sogn & Fjordane cupen

FLORØ STEVNE 2009

Undomsstevne 09

Dagbok fra LS 09 PÅ EVJE

Florø sine prestasjoner på Landsdelskretsstevne 09

--SKYTINGENS DAG 2008

FORELDREVETT-REGLER

Grovastøylen. Nye bilder 11.06-09

--TRENINGSTEVNE RESULTATER LIGGER UNDER UNDOM OG SENIOR/VETERAN

--Lagsmesterskapet 2008

--Florø-felten 2006

Resultat fra meiningsmålingane. Oppdatert 03.09-08

Norges-cup runde 2, 2008

LANDSDELSKRETSSTEMNET 2008

SPAREBANKEN SOGN OG FJORDANE CUP 2008

sunnfjord-pokalen 2008

LAGSMESTERKAP SENIOR VETERAN 2007