Finale Sparebanken Sogn & Fjordane cupen
Florø Skytterlag arrangerte den avsluttande finalen i Sparebanken Sogn og Fjordane cupen lørdag 15. August på  bana ved Litlevatn i Florø sentrum. Foholdene var nok ikkje det beste med regn og vind som til dels tok inne på standplass. Men i skytterhuset var det tørt og godt, og publikum fikk en del fine dueller å følge med på og noen imponerende gode resultat, tross litt vanskelige forhold.
Audun Skorpa, Ståle Loftheim, Arnold Haugen Første klasse ut var V73, her var det ikkje uventa at Arnold Haugen vant med 348 poeng, men Ståle Loftheim, Holsen var ikkje lang bak med 347, det same hadde og Frits Norevik, men rangert bak på innertiarar.
 
 
F.v. Toralf Årdal, Erling Haugland, Ludvig Indrebø, Reidun Høydal Sparebanken Sogn og Fjordane
Blant dei litt yngre veteranane i V65 var Erling Haugland nesten uslåelig med fult hus 350 poeng og heile 30 innertiarar. Her vart Luvig Indrebø frå Farnes nr 2 med 348 poeng, Toralf Årdal frå Jølster nr 3 med 346 poeng. Peder Holme som vann kvalifiseringa vart nr 4 med 343.
f.v. Oddvar Rossberg, Ola Loneland, Arvid Skjerven, Bjarne Sandvik
Og bland dei endå litt yngre veteranane i V55 vart siger til Bjarne Sandvik med 342 poeng (sikkert inspirert av Årdal fotball som knuste Florø Sportsklubb på bana like ved). Nr2 vart Arvid Skjerven frå Hafslo med 340, her vart Ola Kjell Loneland frå Dale nr 3 med 339 poeng.
 
F.v.Reidun Høydal Sparebanken S&F, Benedikte Oppedal, Torleiv Straume Jr, Kristin EideI rekrutt klassen blei det til dels store endringar i forhold til kvalifiseringa. Torleiv Straume Jr frå Hyen klatra heilt til topps med 342 poeng. Frå skive 8 kom Kristin Eide frå Hyllestad inn til andre plass med 341 poeng.  Benedikte Oppedal frå Oppedal Brekke vart nr 3 med 339 poeng,  rangert foran Helene Sæbø Nes som og hadde 339 poeng.
 
F.v. Reidun Høydal Sparebanken S&F, Mats Haugnes, Vidar Skarsbø Dale, Lovise Eiken, Jørgen SkivenesvågI reserklassen Eldre Rekrutt vart det vel litt overraskande resultat. Her vart Vidar Skarsbø Dale frå Leikanger vinnar med sterke 349 poeng. Arrangøren sin egen Mats Haugnes vart nr 2 og Lovise Eiken frå Hyllestad nr 3, desse hadde og 349 poeng men vart rangert bak Vidar på innertiarane.
 
F.v. Reidun Høydal Sparebanken S&F, Kjetil Bø Bjørgum, Lars Haugnes, Maria Sæbø NesBlant Juniorane vart det eit spanande oppgjør der Maria Sæbø Nes frå Leikanger trakk det lengste strået i kampen mot dei store gutane, ho endte tilslutt på 347 poeng, Kjetil Bø Bjørgum frå Aurland vart nr 2 med 345 rangert  foran Lars Haugnes med same poengsum.
 
F.v. Per Trygve Berge, Hildegunn Sortland, Terje Bolstad, Reidun Høydal Sparebanken S&FPå 200 meteren var det klasse 1 som var først i ilden. Der vart Terje Bolstad frå Tønjum vinnar med 245 poeng, Hildegunn Sortland frå Førde som vann kvalifiseringa enda tilslutt på 243 poeng og vart nr 2, Per Trygve Berge vart nr 3 med 216 poeng.
 
F.v. Oddmund Tormodset, Håkon Hunderi, Inger Rise Halset, Reidun Høyvik Sparebanken S&FBlandt klasse 2 skyttararne, som i år for første gang skaut avsluttande finale, måtte Inger Rise Hallset frå Ålfoten og Håkon Hunderi frå Tønjum ut i enkelt skudds omskyting, etter at dei begge hadde fått 339 poeng. Der gjorde Inger kort prosess, slo til med ein tiar på første skåt, mot Håkon sin åttar.  Vinnaren av kvalifiseringa Oddmund Tormodset vart nr 3 med 335.
 
F.v. Reidun Høydal Sparebanken S&F, Jens Terje Hammervold, Ole Jonny Gjengedal, Lars HolmeIkkje overraskande vann Lars Holme frå Hyen klasse 3 med 328 poeng, lagkameraten Ole Jonny Gjengedal vart nr 2 med 325 poeng, Jens Terje Hammervoll Sogndal nr 3 med 323 poeng. Lars Holme vann og kvalifiseringa i kl 3
 
 
 
f.v. Bjarne Eriksen, Børge Svardal, Bernt Tore Inderøy, Reidun Høyvik Sparebanken S&FBernt Tore Inderøy hadde skive en i finalen i klasse 4, etter at han vann kvalifseringa, og var vel i praksis aldri truga. Han vann med 339 poeng, men det vart kamp om andreplassen mellom Bjarne Eriksen og arrangørlagets Børge Svardal, dei måtte ut i enkeltskudds omskyting, her måtte det til heile tre skudd før det skilte de nødvendige 2 poenga som Børge måtte ha får å  bli nr 2.
 
F.v. Bjarte Haugnes, Bertel Odne Mjellem, Ole Arild Aa, Reidun Høyvik Sparebanken S&F, Svein Kåre FurreOle Arild Aa gjorde vel egentlig kort prosess i klasse 5, han slo til med 248 poeng før den avsluttende enkeltskuddsfinalen. Bertel Oddne Mjellem frå Hyen var nærast med 245, Bjarte Haugnes nr 3 med 242 poeng. Ole Arild tapte litt til dei bak i finalen men var nok ikkje særlig truga og vant tilslutt med 344 poeng, Bertel Oddne nr 2 med 342, Bjarte Haugnes nr 3 med 339 poeng.
 

På 100m banen var de åtte beste fra hver klasse invitert, på 200m var de 10 beste i klasse 3, 4 og 5 invitert. For klassene 1 og 2 var det invitert tre i fra 1 og sju i fra klasse 2, totalt 90 skyttere, se sluttliste før finalen her. Det var i år totalt 21 stevner som kunne gi poeng i Sparebanken Sogn og Fjordane cupen som starta med Vårtreffen i Årdal og Aurland i april og ble avslutta med Holsen stevne i seint i juli.

Som teknisk arrangør håper vi i Florø skytterlag at dokke hadde ein fin og minne rik dag på skytebana. Og ønsker velkommen igjen ved ein seinare anledning. Og yr.no får stryk for værmeldingen og været, dei lovte perfekte skyteforhold, overskya, nesten vindstille og passe lav temperatur. Det var det IKKJE!

 
 
Oppdaterte resultat her: med grafiske skytekort 
 
  
Live visning av skivene 200m og 100m se og LIVEVIS SKIVER i venstre menyen.

Endeleg er sesongen komt i gang!  
  Skal du satse enda hardare i år? 
Steinhardt! Tar sikte mot nytt LS!
Joda, men eg skal ta det litt kuli innnimellom...
Nei, eg skal bare ha det moro, eg!



Kalender GAS

Kalender Grovastøylen skyte og aktivitetssenter

S og F Finalen 14

GROVASTØYLEN INFO

Standplass.no Ranking DFS skyttere

LOKALANDELEN

GRASROTANDELEN

Skyteværet i Florø

OSLO OPEN 2009

Finale Sparebanken Sogn & Fjordane cupen

FLORØ STEVNE 2009

Undomsstevne 09

Dagbok fra LS 09 PÅ EVJE

Florø sine prestasjoner på Landsdelskretsstevne 09

--SKYTINGENS DAG 2008

FORELDREVETT-REGLER

Grovastøylen. Nye bilder 11.06-09

--TRENINGSTEVNE RESULTATER LIGGER UNDER UNDOM OG SENIOR/VETERAN

--Lagsmesterskapet 2008

--Florø-felten 2006

Resultat fra meiningsmålingane. Oppdatert 03.09-08

Norges-cup runde 2, 2008

LANDSDELSKRETSSTEMNET 2008

SPAREBANKEN SOGN OG FJORDANE CUP 2008

sunnfjord-pokalen 2008

LAGSMESTERKAP SENIOR VETERAN 2007