Hyar vann Florøstevnet 2009
 .
Stemnet vart arrangert 4. - 6. juni på arrangøren, Florø Skytterlag, si bane.
Skytetilhøva var ikkje dei beste. Den sterke og kalde nordavinden både torsdag og fredag var langt frå ideell. Laurdag føremiddag hadde vinden stilna, men då var motlyset litt i skarpaste laget.
Likevel oppnådde tre skyttarar heile 346 poeng. Bertel Oddne Mjellem, Hyen, skaut seg heilt til topps. Svein Kåre Furre, Leikanger, tok andreplassen, medan arrangørens eigen Bjarte Haugnes vart nummer tre.
Jørgen Skivenesvåg, Hyllestad, imponerte stort i klasse Eldre rekrutt: Fullt hus 350 poeng, med heile 31 innertiarar. Beste lokale skyttar i denne klassen vart Tor Erling Ulriksen, som oppnådde 347 poeng.
Juniorklassen vann Ole Martin Erdal frå Førde med 349 poeng, tre poeng meir enn Lars Haugnes, Florø.
Ståle Loftheim frå Holsen var best i klassen for dei eldste, V73, med 348 poeng.
|